Hopp til innhold
X
Innhald

Karibia

Karibia (engelsk Caribbean; tidlegare òg Vestindia, West Indies), område som omfattar Dei store og Dei små Antillane samt Bahamaøyane.
Dei karibiske øyane har eit areal på 236 000 km² og om lag 37,7 millionar innbyggjarar til saman.
Karibia vart oppdaga av Columbus og erobra av spanske conquistadorar. Om lag to tredjedelar av folkesetnaden er svarte eller av blanda opphav, resten er kvite. Indianarane som levde på øyane har vorte utrydda. Dei fleste av øyane har etter kvart vorte sjølvstendige statar, men enkelte er assosierte med Storbritannia, USA, Frankrike eller Nederland. Det er oppretta ein karibisk fellesmarknad (CARICOM).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012