Hopp til innhold
 Labrador,1960. Foto: Rosemary Gilliat Eaton. Canada. National Film Board of Canada. Library and Archives Canada PA/145044. CC BY.
Labrador,1960. Foto: Rosemary Gilliat Eaton. Canada. National Film Board of Canada. Library and Archives Canada PA/145044. CC BY.
X
Innhald

Labrador

Labrador er den landfaste delen av provinsen Newfoundland og Labrador, Canada. Det er eit kystområde som strekkjer seg frå Belle Island-sundet til munningen av Hudsonsundet. Området er på 285 000 km² og har om lag 25 000 innbyggjarar. Av desse er om lag 4000 inuittar og indianarar.
 
Labrador er eit høgland med talrike sjøar og elvar. Klimaet er kaldt og fuktig på grunn av den kalde Labradorstraumen langs kysten. Dei viktigaste næringsvegane er fiske, skogbruk, pelsdyrjakt og gruvedrift. Største by er Happy Valley – Goose Bay.
 
Labrador vart truleg sett av Bjarne Herjulvsson i 995; Helluland og Markland frå sagaen låg truleg på Labradorkysten. Landet vart oppdaga på nytt for europearane av John Cabot i 1497. Namnet Labrador vert vanlegvis brukt om heile halvøya mellom Saint Lawrence-bukta og Hudson Bay. Det er eit område på 1,6 millionar km² som høyrer til provinsen Québec, bortsett frå det tidlegare nemnde Labrador.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013