Hopp til innhold
X
Innhald

Manhattan

Manhattan, øy ved munningen til Hudson River i USA på 57 km². Manhattan utgjer den opphavlege byen New York, men er no ein av fem boroughs (bydelar) i New York.
 
Bydelen er sentrum for finans, administrasjon, handel og kultur. Øya vart kjøpt frå manhattanindianarane av nederlendaren Peter Minuit i 1626. Området heitte New Amsterdam (Nieuw Amsterdam) fram til britane tok det over i 1664. Møtestaden for Kongressen var dei første åra på Manhattan, og den første presidenten i USA, George Washington, vart teken i eid der i 1789.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012