Hopp til innhold
X
Innhald

Manitoba

Manitoba, provins i Canada, vest for Ontario, på om lag 647 797 km². Manitoba har om lag 1,2 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Winnipeg. Han har eit flatt platåland med præriar, store skogar og eit kontinentalt klima. Manitoba har mykje korndyrking (spesielt av kveite) i sør, og der er det også allsidig industri. Provinsen har dessutan store mineralreservar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012