Hopp til innhold
X
Innhald

Martinique

Martinique, den nest største av Dei små Antillane, med eit areal på 1090 km². Martinique har om lag 426 000 innbyggjarar, og hovudstaden er Fort-de-France med om lag 102 000 innbyggjarar.
 
Det offisielle språket er fransk, og øya har då også vore eit fransk oversjøisk departement sidan 1946. Klimaet er tropisk, og jordbruk, med dyrking av mellom anna bananar, sukker og rom, er den viktigaste næringa. Øya rommar også vulkanen Mont Pelée.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012