Hopp til innhold
X
Innhald

Mato Grosso do Sul

Mato Grosso do Sul, delstat i Brasil ved grensa til Bolivia, på 358 158 km². Mato Grosso do Sul har om lag 2,2 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Campo Grande. Jordbruk, fedrift og utvinning av jern og mangan er viktige næringar. Delstaten vart utskild frå Mato Grosso i 1979.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012