Hopp til innhold
X
Innhald

Midtvesten

Midtvesten (engelsk Middle West), nemning på delstatane Ohio, Indiana, Illinois, Michigan, Iowa, Wisconsin og Minnesota (samt delar av Kansas, Nebraska, Nord-Dakota og Sør-Dakota) i USA.
 
Midtvesten omfattar den austlege præriedelen av det indre slettelandet, og er eit av dei rikaste jordbruksstrøka i verda, med produksjon av mellom anna mais, soyabønner, kveite og svinekjøtt. I aust finn ein store industribyar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012