Hopp til innhold
X
Innhald

Montserrat

Montserrat, ei av Leewardøyane i Karibia, på 106 km². Montserrat har om lag 6500 innbyggjarar. Bomullsdyrking er den viktigaste næringa, men tidlegare var det også mykje sukkerproduksjon på øya.
 
Ho vart oppdaga av av Christofer Columbus i 1493 og kolonisert av irar i 1632, noko som gjorde henne til ein britisk kronkoloni. I 1956 fekk øya indre sjølvstyre. Eit stort utbrot frå vulkanen Soufriere Hills som byrja i juli 1995, førte i 1997 til evakuering av halvparten av folkesetnaden, og øydelegging av hovudstaden Plymouth og det meste av vegetasjonen på øya.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012