Hopp til innhold
X
Innhald

New Brunswick

New Brunswick, provins i Canada på austkysten innanfor Nova Scotia. New Brunswick har eit areal på 72 908 km² og om lag 758 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Fredericton.
Provinsen har mykje skogbruk og treforedlingsindustri. Fiske og fiskeforedling er også viktige næringar, og i tillegg har provinsen reservar av bly og sink. New Brunswick har vore provins sidan 1784.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012