Hopp til innhold
  
 L’Anse aux Meadows. Foto: Douglas Sprott, flickr.com CC BY
L’Anse aux Meadows. Foto: Douglas Sprott, flickr.com CC BY
X
Innhald

Newfoundland og Labrador

Newfoundland og Labrador, til 2001 Newfoundland, er ein provins i Canada, utanfor nordaustkysten av Nord-Amerika. Øya Newfoundland er på 108 860 km², og saman med den nordaustlege delen av Labradorhalvøya utgjer ho provinsen Newfoundland og Labrador.
 
Provinsen er på 405 212 km² og har om lag 514 000 innbyggjarar. Hovudstad er Saint John's. Provinsen har eit fuktig og vêrhardt klima med mykje tåke. Mesteparten av folkesetnaden bur på den søraustlege delen av øya. Dei viktigaste næringsvegane er fiske, skogbruk og bergverksdrift, særleg utvinning av jernmalm, sink, bly og kopar.
 
Newfoundland må etter alt å døme ha vore kjend alt i norrøn tid. Anne Stine og Helge Ingstad oppdaga i 1961 restar av ei vikingbusetjing ved L'Anse Aux Meadows. Newfoundland vart oppdaga på nytt av J. Cabot i 1497. Området var engelsk koloni frå 1713, hadde indre sjølvstyre frå 1855, var dominion 1907–33, under britisk administrasjon frå 1933 og vart kanadisk i 1949.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013