Hopp til innhold
 Foto: Museum of Photographic Arts, gift of Graham and Susan Nash. flickr.com.
Foto: Museum of Photographic Arts, gift of Graham and Susan Nash. flickr.com.
X
Innhald

Nord-Amerika

Nord-Amerika er den tredje største verdsdelen og omfattar kontinentet frå Panamaeidet og Vestindia til den arktiske øyverda og Grønland. Opphavleg budde det inuittar i nord og indianarar lenger sør. I dag er folkesetnaden prega av immigrantar frå heile verda.

Nord-Amerika er den tredje største verdsdelen og omfattar kontinentet frå Panamaeidet og Vestindia til den arktiske øyverda og Grønland. Verdsdelen er på 24,2 millionar km² og har om lag 529 millionar innbyggjarar, det utgjer 23 innbyggjarar/km².
I vest strekkjer Kordillerane seg frå Alaska i nord og ned gjennom Mellom-Amerika. I USA deler han seg opp i ei rekkje fjellkjeder, blant anna Rocky Mountains, Sierra Nevada og Cascade Mountains. Mellom desse ligg Columbiaplatået, Great Basin og Coloradoplatået. Dei høgaste fjella er Denali, tidlegare kalla Mount McKinley, på 6194 m og Mount Logan på 6050 m. I aust strekkjer Appalachane seg frå Newfoundland i nord til Alabama i sør. Området imellom er eit vidstrekt lågland, frå tundraslettene i nord til præriane i sør. Her ligg fleire store innsjøar, av desse er Lake Superior, Lake Huron og Lake Michigan dei største. Dei lengste elvane er MississippiMissouri, på 6730 km, og Mackenzie River–Athabaska, på 4200 km.
Ein stor del av kontinentet har innlandsklima. Kald luft strøymer frå Arktis, og varm luft kjem inn frå sør, ofte med kraftige orkanar. California har middelhavsklima, medan Vestindia og Mellom-Amerika har tropisk klima. Fauna og flora er likt det vi finn i Europa, men med ein del spesielle artar, som ørn med kvitt hovud, antilopeartar, prærieulv, vaskebjørn, beltedyr og alligator. På grunn av den raske økonomiske veksten har naturen blitt utsett for hardhendt utnytting. Opphavleg budde det inuittar i nord og indianarar lenger sør. I dag er folkesetnaden prega av immigrantar frå heile verda.
Dei første menneska kom til Nord-Amerika for 15 000–20 000 år sidan. Det var mongolske folkeslag som kom over Beringsundet, som då var ei landtunge. I nord skapte dei fangstkulturar og lengre sør jordbrukskulturar. Dei første europearane som kom til Nord-Amerika, var sannsynlegvis islendingane Eirik Raude, som kom til Grønland, og Leiv Eriksson, som kom til «Vinland» om lag 1000. Men først etter at Columbus gjekk i land i Nord-Amerika i 1492 kom den europeiske innvandringa og erobringa i gang. Ho raserte kulturen til urfolka og fordreiv dei frå mesteparten av områda deira.
Franskmennene grunnla kolonien Quebec på byrjinga av 1600-talet og Louisiana i 1718. Dei kjempa med Storbritannia om herredømet i nord, og etter kolonikrigen 1756–63 måtte Frankrike gi frå seg alle koloniane sine på fastlandet. Ved den nordamerikanske fridomskrigen 1775–83 reiv dei britiske koloniane på austkysten seg laus og danna USA. Gjennom indianarkrigane på 1800-talet vart utryddinga av indianarane ført vidare, og store landområde vart opna for kolonisering. Statane i sørvest vart erobra og delvis kjøpte frå Mexico. Sidan har USA vore den dominerande politiske og økonomiske makta på kontinentet. Alaska vart kjøpt frå Russland i 1867.
Den spansk-amerikanske krigen i 1898 betydde slutten på det spanske koloniriket i Amerika. Mexico vart sjølvstendig stat i 1821. Canada vart dominion i det britiske samveldet i 1867 og fekk full konstitusjonelt sjølvstende i 1982.

 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013