Hopp til innhold
X
Innhald

Nordvestterritoria

Nordvestterritoria (engelsk Northwest Territories), territorium i Canada på om lag 1,3 millionar km². Det har om lag 42 000 innbyggjarar, og 2/3 av dei er inuittar og indianarar.
 
Nordvestterritoria har barskogområde i sør og tundra og isdekte område i nord. Dei viktigaste næringane er gruvedrift (på mellom anna sink, bly, gull og sølv), pelsdyrjakt og fiske. Hovudstaden er Yellowknife, som har om lag 16 000 innbyggjarar.
 
Området høyrde til Hudson’s Bay Company fram til 1870, då det vart eit kanadisk territorium. I 1999 vart om lag 2 000 000 km² av dei tidlegare Nordvestteritoria etablerte som eit sjølvstyrt inuittisk område under namnet Nunavut.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012