Hopp til innhold
X
Innhald

Nova Scotia

Nova Scotia, «Ny-Skottland», er ein provins i Canada. Han består av halvøya Nova Scotia og øya Cape Breton, er på 55 948 km² og har om lag 922 000 innbyggjarar. Hovudstad er Halifax. Dei viktigaste næringsvegane er skogbruk, husdyrhald, fiske og bergverksdrift. Halifax er ein viktig hamneby for Canada. Nova Scotia var fransk frå 1604, fastlandet vart britisk i 1713 og Cape Breton i 1763.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2013
Sist oppdatert: 22.03.2013