Hopp til innhold
Ontario, fabtikk. Foto: nouspique, flickr.com CC BY
Ontario, fabtikk. Foto: nouspique, flickr.com CC BY
X
Innhald

Ontario

Ontario er ein provins mellom Québec og Manitoba i Canada. Han er på 1 076 395 km² og har om lag 12,9 millionar innbyggjarar.  Hovudstad er Toronto.
 
Ontario er den mest industrialiserte provinsen i Canada, det vert drive eit intensivt jordbruk, særleg prega av husdyrprodukt og grønsaker. Provinsen er svært rik på energiressursar, blant anna frå vasskraft frå Niagara-vassdraget og frå atomkraft frå Bruce Nuclear Generating Station, verdas nest største atomkraftverk. Det vert utvunne nikkel, kopar og gull. Provinsen heitte Upper Canada 1791–1867.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.03.2013
Sist oppdatert: 25.03.2013