Hopp til innhold
 Panamakanalen. Foto: planetina, flickr.com, CC BY
Panamakanalen. Foto: planetina, flickr.com, CC BY
X
Innhald

Panamakanalen

Panamakanalen er ein 81,6 km lang kanal gjennom Panamaeidet, frå Colón ved Karibhavet til Balboa ved Stillehavet. Panamakanalen har seks doble sluser og når på sitt høgaste 26 meter over havet. Han tek skip på opptil 40 000 registertonn. Kanalen vart bygd 1902–14 av amerikanarane etter eit mislykka fransk forsøk 1881–99. Kanalsonen skulle etter avtale med Panama administrerast av USA. I 1979 vart det semje om at Panama skulle få full råderett over Kanalsonen. Panama overtok full kontroll over kanalen 31. desember 1999.  

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.03.2013
Sist oppdatert: 25.03.2013