Hopp til innhold
X
Innhald

Pará

Pará, delstat i det nordaustlege Brasil på 1 253 164 km². Pará har om lag 6,9 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Belém. Delstaten er den nest største i Brasil, men dei store regnskogområda er svært tynt folkesette.
 
På elveslettene blir det dyrka søtpoteter, maniok, mais, ris og sukkerrøyr. Pará har fått mykje innvandring i samband med koloniseringsforsøk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012