Hopp til innhold
X
Innhald

Paraíba (delstat)

Paraíba, tidlegare Parahyba, delstat lengst aust i Brasil, på 56 584 km². Paraíba har om lag 3,6 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er João Pessoa.
Delstaten omfattar ei smal kystslette med jordbruk og eit tørt platå med beiteland i det indre. Fedrift og eksport av bomull, kaffi, kautsjuk og tobakk er dei viktigaste næringane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012