Hopp til innhold
X
Innhald

Paraná (delstat)

Paraná, delstat i Brasil, sør for delstaten São Paulo. Paraná har eit areal på 199 709 km² og om lag 10,2 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Curitiba. Mange av innbyggjarane er av tysk og italiensk avstamming.
Dyrking av kaffi, bomull, ris og sukkerrøyr er viktige næringar. Vidare har delstaten mykje fedrift, stor treindustri og tømmereksport, mange slakteri og produksjon av kaffi og maté. Eksport skjer over hamnebyen Paranaguá.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012