Hopp til innhold
X
Innhald

Patagonia

Patagonia, det søramerikanske fastlandet sør for Río Colorado i Argentina. Namnet Patagonia blir mest brukt om landskapet aust for Andesfjella. Ordet er avleidd av patagones (’storføter’), som spaniarane kalla dei opphavlege indianske innbyggjarane på grunn av dei store skinnstøvlane deira.
 
Det argentinske Patagonia utgjer 770 000 km² og har om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Dei einaste større byane er Punta Arenas, Río Gallegos og Comodor Rivadavia. Sauehald er ei viktig næring på dei låge, tørre og forblåsne platåa i aust, og området har i tillegg nokre olje- og naturgassfelt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012