Hopp til innhold
X
Innhald

Piauí

Piauí eller Piauhy, delstat i det nordaustlege Brasil på 252 378 km². Piauí har om lag 3 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Teresina. Storfehald og dyrking av ris, mais, maniok, bomull og sukkerrøyr i dalane er viktige næringar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012