Hopp til innhold
X
Innhald

Prince Edward Island

Prince Edward Island, øy og provins i Canada på 5660 km². Prince Edward Island har om lag 142 000 innbyggjarar, og hovudstaden er Charlottetown. Øya ligg i St. Lawrence-bukta, og er den minste provinsen i Canada. Ho er ei låg og fruktbar øy med stor produksjon av husdyrprodukt, poteter og eple. I tillegg er hummarfiske ei viktig næring.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012