Hopp til innhold

 Québec, Place Royale. Foto: jgreenberg, flickr.com CC BY
Québec, Place Royale. Foto: jgreenberg, flickr.com CC BY
X
Innhald

Québec

Québec er ein provins i Canada. Han er på 1 542 056 km² og har om lag 7,9 millionar innbyggjarar, av desse er 82 % fransktalande katolikkar. Fransk er også offisielt språk i provinsen. Hovudstad er Québec, medan den største byen er Montréal.
 
Provinsen har skogsindustri og rike mineralførekomstar. Det vert drive jordbruk med egg- og mjølkeproduksjon, stort sett i St. Lawrencedalen.
 
Québec vart kolonisert av franskmenn under namnet Nouvelle France, Ny-Frankrike, og vart britisk område frå 1763. Dei fransktalande separatistane har lenge stått sterkt i Québec. Dei fekk fleirtal i provinssenatet i 1976, men ei folkeavrøysting i 1980 gav fleirtal mot lausriving. I ei folkeavrøysting i 1993 vart eit grunnlovsforslag som ville ha styrkt provinsen si stilling i Canada, forkasta både i Québec og i landet som heilskap. I ei ny folkeavrøysting om eit uavhengig Québec i 1995 vart det eit knapt fleirtal på 50,6 % for å oppretthalde Canada som einskapleg stat.
 
Nasjonalforsamlinga i Québec vedtok i 2003 å danne ein nasjon. I dag har Québec ein spesiell formell og symbolsk status etter at eit fleirtal i nasjonalforsamlinga i Canada aksepterte at Québec dannar ein nasjon innanfor eit sameint Canada.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.03.2013
Sist oppdatert: 25.03.2013