Hopp til innhold
 Foto:Fabio Pinheiro, flickr.com CC BY
Foto:Fabio Pinheiro, flickr.com CC BY
X
Innhald

Rio Grande do Norte

Rio Grande do Norte er ein delstat i det nordaustlege Brasil. Han er på 53 306 km² og har om lag 3,2 millionar innbyggjarar. Hovudstad er Natal. Store delar av staten er tørre og ufruktbare, men langs atlanterhavskysten vert det dyrka blant anna bomull, tobakk og sukker. Turisme og olje er dei viktigaste næringane. Det vert utvunne salt og mineral, og delstane har tekstil- og næringsmiddelindustri. Rio Grande do Norte vart eigen provins i 1824.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.03.2013
Sist oppdatert: 25.03.2013