Hopp til innhold
X
Innhald

Rio Grande do Sul

Rio Grande do Sul, delstat i det sørlege Brasil, ved Atlanterhavet. Rio Grande do Sul har eit areal på 282 062 km² og om lag 10,8 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Pôrto Alegre, som har om lag 3,6 millionar innbyggjarar med forstader.
Landskapet er platåland med ei låg kystslette og fuktig, subtropisk klima. Dei viktigaste næringsvegane er fedrift, med stor kjøt- og ullproduksjon, og eit allsidig jordbruk. I tillegg har området kolutvinning og mykje industrialisering, særleg med opphav i kretsar av tysk og italiensk avstamming. Rio Grande do Sul har vore ein eigen provins sidan 1807.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012