Hopp til innhold
X
Innhald

Rio Paraná

Rio Paraná, nest største elv i Sør-Amerika, med ei lengd på om lag 3700 km. Elva har utspring der elvane Rio Grande og Paranaíba renn saman. Ho flyt over platålandet i det sørlege Brasil og dannar store fossar, særleg dei mektige Salto Grande-falla, der det største vasskraftverket i verda (Itaipú) er bygd i samarbeid med Paraguay. Ved utløpet i Río de la Plata dannar elva eit langstrakt deltaområde.
Rio Paraná er farbar for 7,2 m djuptgåande skip til Rosario og 2,0 m til Corrientes.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.01.2012
Sist oppdatert: 09.01.2012