Hopp til innhold
X
Innhald

Roraima

Roraima, delstat og tidlegare forbundsterritorium i Brasil, lengst i nord. Roraima har eit areal på 225 116 km² og om lag 408 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Boa Vista. Delstaten har noko jordbruk, men mykje av området er regnskog. I 1997–98 vart delstaten ramma av veldige skogbrannar som sette store delar av regnskogen i fare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012