Hopp til innhold
X
Innhald

Saint Croix

Saint Croix, ei av Dei amerikanske Jomfruøyane i Karibia. Øya har eit areal på 212 km² og om lag 60 000 innbyggjarar. Tettstader er Christiansted og Frederiksted. Turisme og nokre lettare industriar er dei viktigaste næringane. Saint Croix var ein dansk koloni frå 1733 til 1917, då øya vart seld til USA. I dag er ho administrert som eit territorium med eigen guvernør.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012