Hopp til innhold
 Jamestown. Foto: Pat Reynolds, flickr.com CC BY
Jamestown. Foto: Pat Reynolds, flickr.com CC BY
X
Innhald

Saint Helena

Saint Helena er ei britisk øy i Atlanterhavet, vest for Afrika. Ho er på 122 km² og har om lag 4250 innbyggjarar. Hovudstad er hamnebyen Jamestown. Portugisarane kom dit første gong i 1502 på minnedagen for den heilage Helena, 22. mai. Øya har vore britisk kronkoloni frå 1673. Napoleon var forvist til Saint Helena frå 1815 til han døydde i 1821. Saman med øyane Ascension og Tristan da Cunha har Saint Helena sidan 2009 danna eit administrativt/politisk område og inngår som del av det britiske oversjøiske området. Øya er senter for telekommunikasjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.03.2013
Sist oppdatert: 25.03.2013