Hopp til innhold
X
Innhald

Saint Lawrence-kanalen

Saint Lawrence-kanalen (engelsk Saint Lawrence Waterway), indre vassveg i Nord-Amerika som strekkjer seg frå Dei store sjøane til Atlanterhavet. Den eigentlege kanalen er ei 290 km lang kanalisert strekning av elva Saint Lawrence mellom Ontariosjøen og Montréal. Han vart opna i 1959, har sju sluser og er seglbar for bulkskip på 25 000 tonn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012