Hopp til innhold
X
Innhald

Saint Thomas

Saint Thomas, ei av Dei amerikanske Jomfruøyane i Karibia. Øya har eit areal på 83 km² og om lag 58 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Charlotte Amalie, som har om lag 21 000 innbyggjarar og er eit tidlegare slavesentrum. Øya får mykje turisme frå USA. Saint Thomas var under dansk eigarskap frå 1666, og ho vart seld til USA i 1917. Øya er i dag administrert som eit territorium med eigen guvernør.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012