Hopp til innhold

Flórianopolis. Foto: Rodrigo Soldon, flickr.com, CC BY
Flórianopolis. Foto: Rodrigo Soldon, flickr.com, CC BY
X
Innhald

Santa Catarina

Santa Catarina er ein delstat i det sørlege Brasil. Han er på 95 442 km² og har om lag 6,25 millionar innbyggjarar. Det vert drive husdyrhald og eit allsidig jordbruk. Delstaten har kolgruver, og i tillegg finst det jern-, metall- og tekstilindustri. Turisme er også ei viktig næring. Hovudstad er Florianópolis. Delstaten har mange italienske og tyske innvandrarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 25.03.2013
Sist oppdatert: 25.03.2013