Hopp til innhold
X
Innhald

Sergipe

Sergipe, delstat i det nordaustlege Brasil på 22 050 km². Sergipe har om lag 2 millionar innbyggjarar, og hovudstaden er Aracajú. Dyrking av sukker, ris, bomull og mais er viktige næringsvegar, og i tillegg kjem husdyrhald i det indre.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012