Hopp til innhold
X
Innhald

São Paulo by

São Paulo, by og hovudstad i delstaten med same namn i Brasil. São Paulo er den største byen i Brasil, og har om lag 10,3 millionar innbyggjarar, eller om lag 19,2 millionar medrekna storbyområdet. Byen er det leiande handels- og industrisentrumet i landet. Tekstil-, næringsmiddel-, maskin-, bil- og kjemiindustri er viktige næringar. São Paulo har mellom anna mange skyskraparar, tunnelbane, internasjonal flyplass og tre universitet. Byen vart grunnlagd i 1554.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012