Hopp til innhold
X
Innhald

São Paulo

São Paulo, delstat sør i Brasil på 248 808 km². São Paulo er den sentrale og dominerande delstaten i landet, og har om lag 40,1 millionar innbyggjarar. Ei smal kystslette med fuktig tropeklima går over i eit tørrare og kjøligare platå der mellom anna hovudstaden São Paulo ligg. Delstaten har mykje husdyrhald og produksjon av jordnøtter, kaffi, sukker og bomull. Godt over halvparten av industrien i Brasil er lokalisert i delstaten São Paulo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012