Hopp til innhold
X
Innhald

Sør-Georgia

Sør-Georgia (engelsk South Georgia), øy som er del av den britiske kronkolonien Falkland Islands Dependencies i det sørlege Atlanterhavet. Arealet er på 3800 km², og øya har fjell på opptil 2934 moh. Tidlegare hadde ho landstasjonar for kvalfangst i Grytvika. Sør-Georgia rommar òg ein britisk forskingsstasjon, men ho har ingen fast busetnad.
 
Sør-Georgia vart oppdaga i 1675 av briten Antonio de la Roche. Den første som steig i land på øya var James Cook, 100 år seinare. Sør-Georgia var okkupert av Argentina ei kort tid under Falklandskrigen i 1982.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012