Hopp til innhold
X
Innhald

Sørstatane

Sørstatane (engelsk The Southern States eller The South), opphavleg ei nemning på dei 11 statane i USA som etter at Lincoln vart vald til president i 1860, danna Confederate States of America: Sør-Carolina, Georgia, Florida, Alabama, Mississippi, Louisiana, Texas, Virginia, Nord-Carolina, Tennessee og Arkansas.
 
Til Sørstatane reknar ein no òg Delaware, Maryland, Vest-Virginia, Kentucky og Oklahoma.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012