Hopp til innhold
X
Innhald

Sverdrupøyane

Sverdrupøyane (engelsk Sverdrup Islands), kanadiske øyar vest for Ellesmere Island. Dei omfattar mellom anna Axel Heiberg Island på 35 500 km², Ellef Ringnes Island på 13 500 km² og Amund Ringnes Island på om lag 5800 km². Øygruppa vart oppdaga og utforska i åra 1898–1902 av Otto Sverdrup.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012