Hopp til innhold
X
Innhald

Tabasco

Tabasco, delstat i Mexico, søraust for Campechebukta. Tabasco har eit areal på 24 661 km² og om lag 2 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Villahermosa. Delstaten har eit tropisk klima og store sumpområde. Dyrking av bananar og sukkerrøyr er i tillegg til oljeutvinning, viktige næringar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012