Hopp til innhold
X
Innhald

Tasiilaq

Tasiilaq (tidlegare Ammassalik), tettstad aust på Grønland med om lag 1500 innbyggjarar. Staden vart oppdaga for europearane av Gustav Holm i 1884. I 1895 vart det oppretta ein handels- og misjonsstasjon der.
 
I dag har Tasiilaq mellom anna eit sjukehus og ein radiostasjon. Eksport av selskinn er ei viktig næring.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012