Hopp til innhold
Tristan da Cunha. Foto: Brian Gratwicke, flickr.com CC BY
Tristan da Cunha. Foto: Brian Gratwicke, flickr.com CC BY
X
Innhald

Tristan da Cunha

Tristan da Cunha er ei øygruppe i det sørlege Atlanterhavet, om lag 37° sør, 12° vest. Ho er på om lag 116 km², og den største øya – med same namn – er på om lag 98 km². Øygruppa har om lag 300 innbyggjarar som er etterkomarar av soldatfamiliar frå ein garnison på St. Helena og nokre skipbrotne sjømenn.
 
Øygruppa vart oppdaga i 1506 av portugisaren Tristan da Cunha. Ho har vore britisk sidan 1816, frå 1938 administrert under Saint Helena. I 1937–38 vart øygruppa undersøkt av ein norsk vitskapleg ekspedisjon leia av dr. Erling Christophersen.
 
Hovudøya er eigentleg ein vulkan. Det høgaste punktet er 2060 meter over havet. Ein meinte vulkanen var sløkt, men 10. oktober 1961 hadde han eit veldig utbrot, og innbyggjarane vart evakuerte til Storbritannia. I 1963 vende 250 av dei tilbake. Ny hamn og annan infrastruktur vart bygd opp på nytt 1965–67. Øygruppa er del av det administrativt/politiske området Saint Helena, Ascension og Tristan da Cunha sidan 2009 og høyrer til det britiske oversjøiske området.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013