Hopp til innhold
X
Innhald

Turks- og Caicosøyane

Turks- og Caicosøyane, øygruppe i Karibia, søraust for Bahamas. Turks- og Caicosøyane har eit areal på om lag 430 km² og om lag 19 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Cockburn Town. Viktige næringar er fiske og delvis turisme. Øya har vore under britisk styre frå 1766, og vart gjord til kronkoloni i 1962.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012