Hopp til innhold
X
Innhald

Vest-Virginia

Vest-Virginia (engelsk West Virginia; forkorta W.Va. eller WV), delstat i USA i Alleghenyfjella i aust. Vest-Virginia har eit areal på 62 761 km² og om lag 1,8 millionar innbyggjarar. Hovudstaden er Charleston.
 Husdyrhald, jern- og stålindustri, kjemisk industri, glasverk og turisme er viktige næringar. I tillegg har delstaten store kolreservar. Vest-Virginia høyrde til Virginia fram til 1861, og sidan 1863 har han vore ein eigen delstat. Han blir kalla Mountain State.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012