Hopp til innhold
X
Innhald

Windwardøyane

Windwardøyane (engelsk Windward Islands), den sørlegste øygruppa i Dei små Antillane. Ho strekkjer seg i ein 480 km lang boge frå Grenada (nord for Trinidad) til St. Vincent (sør for Leeward Islands). Øyane har eit areal på 3650 km² og om lag 1,3 millionar innbyggjarar.
Windwardøyane omfattar statane St. Vincent og Grenadinane, Grenada, Dominica, St. Lucia og dei franske øyane Guadeloupe og Martinique.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 07.02.2012