Hopp til innhold
 Clouds rest. Foto: Joseph Dsilva, flickr.com CCBY
Clouds rest. Foto: Joseph Dsilva, flickr.com CCBY
X
Innhald

Yosemite Valley

Yosemite Valley ligg i California, USA, på vestsida av Sierra Nevada. Det er ein dal 1200 meter over havet med opptil 1500 m høge fjellsider og store fossefall. Den høgaste fjelltoppen er Cloud's Rest, som ligg 3025 meter over havet. Frå 1905 har dalen vore del av Yosemite National Park, som vart oppretta i 1890. I 2006 vart han deklarert verneverdig nasjonalhistorisk område. Yosemite Valley er eit populært turistområde.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013