Hopp til innhold
X
Innhald

Yucatánhalvøya

Yucatánhalvøya, halvøy i Mellom-Amerika som er delt mellom Mexico, Guatemala og Belize. Yucatánhalvøya har eit areal på om lag 180 000 km². Halvøya er eit kalksteinsplatå, og klimaet er tørt i nord, men fuktig i sør. Ho rommar fleire olje- og gassfelt, men også ruinar etter storslåtte byggverk, som pyramidar frå mayakulturen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.01.2012
Sist oppdatert: 06.01.2012