Hopp til innhold
X
Innhald

Afghanistan

I kolonialismens tidsalder makta Afghanistan å bevare sjølvstyret, som eit av få asiatiske land. Men utanlandske intervensjonar av nyare tid har vore med på å gjere Afghanistan til eit av dei fattigaste og mest krigsherja landa i verda.

Først på 1700-talet oppstod ein slags afghansk nasjonalstat. På 1800-talet var Afghanistan ei buffersone mellom britane i India og Russland, som ekspanderte sørover. I 1907 anerkjente Russland Afghanistan som britisk interesseområde. Afghanistan (Dawlat Islaamii Afghaanistaan) vart sjølvstendig stat i 1919 og kongedømme i 1926. Landet vart medlem av FN i 1946. Parlamentarisk demokrati vart innført i 1964.

General Daud styrta kongen ved eit ublodig kupp i 1973 og vart sjølv president i den nye republikken. Han innførte sivilt styre i 1977, men vart drepen ved eit kupp i 1978. Etter fleire nye kupp rykte SSSR inn i landet i desember 1979, og ein sovjettru president, Karmal, vart innsett. Dette førte til ei internasjonal politisk krise. Motstandarar av dette regimet førte geriljakrig i ei årrekkje, og ei mengd afghanarar flykta til Pakistan. Karmal vart skifta ut, og Najibullah overtok i 1986. Sovjetunionen vart tvinga til å trekkje seg ut i 1988–89, men kamphandlingane heldt fram, først mot Najibullah-regimet og sidan blant mujahedin-styrkane innbyrdes.

I 1996 erobra Taliban-geriljaen Kabul og dreiv regjeringa på flukt. Deretter erklærte Taliban landet som islamsk republikk og innførte eit strengt fundamentalistisk regime. Ulike grupper fortsette den væpna kampen mot Taliban-regjeringa, som likevel fekk kontroll over stadig større delar av landet. I 2001 vekte det omfattande internasjonale protestar då det vart kjent at regimet systematisk øydela buddhistiske kulturminne.

Etter terrorangrepa mot USA 11.9.2001, der den islamske aktivisten Osama bin Laden vart utpeikt som hovudmistenkt, vart Taliban-styret utsett for sterkt internasjonalt press då det nekta å utlevere bin Laden. Det første av fleire USA-leidde angrep mot utvalde mål i Afghanistan vart gjennomført av amerikanske og britiske styrkar 7.10.2001. Etter at Nordalliansen med USAs hjelp rykte inn i Kabul 13.11. same år, vart Taliban fordrive. Hamid Karzai vart leiar for eit overgangsstyre i desember 2001. Karzais regjering vart teken i eid i juni 2002, og ved val i oktober 2004 (etter ei grunnlov som vart vedteken i januar same år) vart Karzai vald til president.

Ti år seinare, i 2014, skjedde den første demokratiske overføringa av makt i Afghanistans historie, då Ashraf Ghani vann presidentvalet. NATO overførte same år offisielt alt sikkerheitsansvar til nasjonens eigne styrkar, men vart likevel verande i landet. Styresmaktene kjempar framleis mot Taliban.

I 2015 vart Afghanistan stiftande medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019