Hopp til innhold
Det armenske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det armenske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Armenia

Armenarane sin lagnad under første verdskrig er opphavet til termen «folkemord». Det seier noko om storleiken og makta til landet at dei fleste land i verda, deriblant Noreg, likevel ikkje anerkjenner folkemordet i 1915.

Armenia (Hayastani Hanrapetut'yun) ligg i Asia sør for Kaukasus og var inntil 1991 sovjetrepublikk i SSSR. Landet er kraftig industrialisert og har ein god del kraftkrevjande industri og mange vasskraftverk. Det driv òg med koparutvinning. På starten av 1990-talet var Armenia i væpna konflikt med Aserbajdsjan om statusen til området Nagorno-Karabakh, som ligg som ein enklave i Aserbajdsjan. Området kallar seg Republikken Artsakh, etter det historiske namnet. Armenia har (2019) kontroll over enklaven og området mellom den og Armenia, utan at det har vorte ei løysing på konflikten. Dette er både ein etnisk og økonomisk så vel som ein religiøs konflikt. 

Mellom 800 000 og 1,8 millionar armenarar vart systematisk drepne av osmanske styresmakter i 1915, i det som dei fleste historikarar reknar som eit folkemord. Tyrkiske styresmakter protesterer mot at denne termen blir brukt, og dette er ei viktig kjelde til det spente forholdet mellom Armenia og dei muslimske nabonasjonane Tyrkia og Aserbajdsjan. Berre 29 nasjonar har offisielt anerkjent handlingane som folkemord (2019). Noreg er ikkje blant dei. Sjølve termen «genocide», som også er opphavet til det norske «folkemord», vart innført av historikaren Raphael Lemkin i 1944 med det armenske tilfellet spesifikt i tankane.

Til å vere tidlegare sovjetrepublikk blir Armenia rekna for å ha eit relativt velfungerande demokrati. Likevel har politikken i landet sidan Sovjetunionens fall vore dominert av Det republikanske partiet, og sidan tusenårsskiftet av partileiar Serzh Sargsjan, som var president i landet frå 2007 til 2016. I april 2018 valde parlamentet Sargsjan til statsminister, etter at ei kontroversiell grunnlovsendring i 2015 hadde gjort dette mogleg. Innsetjinga utløyste storstilte protestar i hovudstaden Jerevan, under leiing av journalisten Nikol Pasjinjan. Fløyelsrevolusjonen, som protestane blir kalla, enda med at Sargsjan trekte seg, og at Pasjinjan overtok som statsminister. Det blir rekna som eit stort framsteg for armensk demokrati. Pasjinjans nye koalisjon vann parlamentsvalet i desember 2018.

Folketalet i Armenia har gått nedover sidan 1990-talet som følgje av utvandring.

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 21.09.2020