Hopp til innhold
Det aserbajdsjanske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
Det aserbajdsjanske flagget. Kjelde: countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Aserbajdsjan

Aserbajdjan har eit velstandsnivå på høgd med land i Aust-Europa, men er gjennomsyra av korrupsjon. At demokratiet haltar, blir indikert av etternamnet på presidenten, som har vore Alijev heilt sidan 1993.

Aserbajdsjan (Azarbayjan respublikasi) ligg ved Kaspihavet og grensar til Iran, Tyrkia, Armenia, Georgia og Russland. Landet omfattar den autonome republikken Nakhitsjevan og gjer krav på det autonome området Nagorno-Karabakh (der majoriteten av befolkninga er armensk). Næringsvegar er maskin- og tekstilindustri og kjemisk industri, og dessutan oljeutvinning. I fjelldalane blir det drive saueavl, og det blir dyrka kunstig vatna bomull, kveite, ris, tobakk, te og frukt.

Landområdet vart avstått til Russland av Persia i 1813 og 1828. Aserbajdsjan erklærte seg uavhengig etter den russiske revolusjonen, men vart sovjetrepublikk i 1920. Landet var del av Den transkaukasiske føderative sovjetrepublikken i tida 1922–36, deretter eigen republikk. I slutten av 1980-åra førte sterke etniske og religiøse konfliktar fleire stader til massakrar på den armenske befolkninga. Aserbajdsjan erklærte seg uavhengig i 1991, men landet var medlem av Samveldet av uavhengige statar (SUS) til det melde seg ut i oktober 1992.

Sidan 1988 har Aserbajdsjan vore i konflikt med Armenia om kontrollen over Nagorno Karabakh. Etter omfattande kampar vart ei våpenkvile inngått i 1992, og området har sidan vore under armensk kontroll. Ei endeleg løysing på konflikten har ikkje kome (2019). Landet er FN-medlem frå 1992 og vart så medlem av KSSE (seinare OSSE) og av Den muslimske økonomiske samarbeidsorganisasjonen (ECO). Aserbajdsjan har vore medlem av Europarådet frå 2001. I 2000 starta bygginga av ein oljerøyrleidning for å frakte olje frå Baku gjennom Georgia til tyrkiske Ceyhan. Den vart ferdigstilt i 2005. Aserbajdjan har HDI (Indeks for menneskeleg utvikling) på høgd med land i Aust-Europa, men har problem med korrupsjon og eit haltande demokrati. Forfatninga og det politiske systemet i landet er sekulært. President i tida 1993–2003 var Geidar Alijev. Son hans Ilham overtok som president etter eit omstridd val hausten 2003 og har vunne kvart val sidan.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 28.05.2020