Hopp til innhold
X
Innhald

Bahrain

Store oljeførekomstar, strategisk plassering og ein høg prosentdel sjiamuslimar gjer Bahrain viktigare enn storleiken tilseier: Med berre 778 km² er Bahrain Asias tredje minste land.

Bahrain (Dawlat al-Bahrayn, arab., «to hav») består av 33 låge øyar i Persiagolfen, omgitt av korallrev. Dei tre største, Bahrain, Muharraq og Sitra, er knytte saman med bruer og vollar. Øyane har ørkenaktig tropisk klima og sparsam vegetasjon. Befolkninga består i hovudsak av arabiske muslimar, i tillegg til framandarbeidarar frå Midtausten og Sør-Asia, særleg India.

Landet har oljeproduksjon, mest utanfor kysten. Det har også eit stort oljeraffineri med tilførsler av råolje frå Saudi-Arabia. Andre næringsvegar er aluminiumsverk, skipsverft og ein omfattande transitthandel. Bahrain har gode kommunikasjonar. Landet er tidlegare kjent for perlefiske. Det var britisk protektorat frå 1867 til det fekk fullt sjølvstyre i 1971. Landet er ein velferdsstat med god økonomi, styrt av kongen og hans regjering.

Bahrain deltok i Golfkrigen mot Irak i 1991 og var regionens sterkaste støttespelar for USA i angrepet mot Irak i 2003. Det er medlem av Samveldet. Ei gradvis politisk liberalisering vart starta i 2001, og parlamentsval vart gjennomført i 2002. Emiren kunngjorde at Bahrain skulle omdannast til konstitusjonelt monarki, og utropte seg sjølv til konge. 

Styresmaktene er framleis i hovudsak sunnimuslimske, medan majoriteten av befolkninga er sjia. Al-Khalifa-familien har stadig grepet om makta. Statsoverhovud sidan 1999 er kong Hamad ibn Isa Al Khalifa. Statsminister er prins Khalifa ibn Salman Al Khalifa. Han er den lengstsitjande noverande statsministeren i verda.

I 2011 kom den arabiske våren til Bahrain med storstilte protestar særleg frå sjiamajoriteten i landet. Med hjelp frå Saudi-Arabia vart protestane brutalt slått ned.

Landvinning har gjort at Bahrains landareal auka 17 % mellom 2004 og 2019. Landet er likevel stadig det tredje minste i Asia.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 17.12.2019