Hopp til innhold
Det bangladeshiske flagget. Kjelde countryflags.com. Fri bruk.
Det bangladeshiske flagget. Kjelde countryflags.com. Fri bruk.
X
Innhald

Bangladesh

Det lågtliggjande og overbefolka Bangladesh står dei neste tiåra overfor ei enorm eksistensiell krise som landet sjølv ikkje har gjort noko for å forårsake: global oppvarming.

Bangladesh (Gana Prajâtantrî Bânglâdesh), tidlegare Aust-Pakistan, omfattar vesentleg deltaområda til elvane Ganges og Brahmaputra. Områda er utsette for overfløymingar og flaumkatastrofar. Landet har tropisk monsunklima med store nedbørmengder om sommaren. Vinteren er ei kjøligare årstid, med middeltemperatur ca. 20 °C i januar. Ytst i deltaet er det mangrovevegetasjon, i fjella noko skog, elles er det mest dyrka land.

Bangladesh høyrer til dei mest overbefolka og fattige landa i verda og får omfattande hjelp utanfrå. Jordbruket er den heilt dominerande næringsvegen. 80 % av jordbruksarealet blir nytta til risdyrking. Dei viktigaste eksportvarene er jute og te. Landet har også tekstilindustri og førekomstar av naturgass.

I 2015 vart Bangladesh stiftande medlem av V20, «Vulnerable Twenty», ei samling av dei mest klimaendringsutsette landa i verda, som kjempar for klimatiltak. Bangladesh ligg svært lågt, og det meste av landet vil hamne under vatn ved ei oppvarming over to grader.

Bangladesh var tidlegare ein del av Pakistan, Aust-Pakistan, men ligg 1500 km frå Vest-Pakistan. Denne todelte staten oppstod i 1947, då India proklamerte si frigjering frå Det britiske samveldet. Vest-Pakistan tok leiinga og forsømde den austre delen av staten både sosialt og politisk. Aust-Pakistan erklærte seg uavhengig under namnet Bangladesh («bengalarars land») i mars 1971. Vestpakistanske hærstyrkar forsøkte å knuse opprøret, og ca. 10 millionar austpakistanarar flykta til India. Indarane greip inn på Bangladesh si side, og etter ein kortvarig krig (4.–17.12.1971) vart Bangladesh ein sjølvstendig stat.

Sheikh Mujibur Rahman spela ei viktig rolle under konflikten. Etter sigeren vart han ny regjeringssjef i landet. Han vart myrda under eit statskupp i 1975. Etter fleire kupp tok Ziaur (Zia) Rahman makta i spissen for eit militærstyre. I 1977 vart han president og proklamerte Bangladesh som ein islamsk republikk. Ved vala i 1978 vann han ein overveldande siger. Ziaur Rahman vart myrda i mai 1981, og militære leiarar overtok makta i landet.

Forholdet til Pakistan har etter kvart betra seg. I 1982 tok general Ershad makta ved eit kupp, men måtte trekkje seg som president i 1991, same året som presidentposten vart redusert til ei seremoniell rolle. Sidan då har dei to partia Amawi-forbundet og Bangladeshs nasjonalistparti kniva om makta, og statsministerposten har gått på rundgang mellom dei to respektive leiarane, Sheikh Hasina og Khaleda Zia. Den førstnemnde er dotter av landsfader Sheikh Mujibur Rahman, medan den sistnemnde er enkje etter Ziaur Rahman. Statsminister sidan 2009 er Sheikh Hasina. Valet i 2014 vart boikotta av opposisjonspartia. Før valet i 2018 inngjekk desse ein ny koalisjon, kalla Jatiya oikya front. Koalisjonen gjekk på eit knusande tap for Amawi-forbundet, i eit val gjennomsyra av vald og regelbrot.

I 1991 vart landet ramma av ein syklon som tok livet av ca. 140 000 menneske, eit flertal av dei fattige som var busette på dei låge deltaøyane. Bangladesh er medlem av Samveldet (Commonwealth).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 17.12.2019
Sist oppdatert: 26.03.2020